Her sender nygifte Alrek Høyang i leiinga


Eit tidvis hardt pressa Høyang-lag heldt Studentspretten til 1-1 på heimebane. Nygifte Robert Alrek stod for heimelagets einaste mål.

Omlag 20 minutt var spelt når Høyangs nr. 8, Robert Alrek, slengde inn eit innlegg frå sin høgreback-posisjon. Studentspretten-keeperen vart finta ut av ein møtande spiss, og ballen gjekk i nota via lengste stolpe.

I ein første omgang som svaia mykje fram og tilbake var det Høyang som hadde dei største sjansane. Heimelagets første moglegheit kom etter 15 minutt.

Dårleg kommunikasjon mellom ein studentsprett-forsvarar og keeper gjer at ein våken Rømo kan snappe ballen frå ein utrusande keeper. Keeperen er heldig og får ei hand på ballen, som fører til at Rømo ikkje greier å nå ballen før den triller ut til corner.

Etter 41 minuttar spelt kjem utlikninga. Eit flott innlegg vert slått frå Studentspretten sin høgrekant. På bakre stolpe står Magnus Bjørvik og stangar inn utlikninga. Linjedommar melder derimot at ballen har vore overlinja, men etter samtale med dommaren stryk dei avgjersla.

Andre omgang I andre omgang tek gjestane meir og meir kontrollen over kampen. Tidleg i omgangen vartar bortelaget opp med flott fotball og sjansane ser ut til å komme på løpande band.

Høyangs einaste moglegheit kjem i det 61 minutt då berre ei feberredning frå Studentspretten-keeperen stoppar Rømo frå å sende Høyang i leiinga.

Etter kampslutt er det nok heimelaget som har størst grunn til å vere nøgde med poengdeling. Høyang tar med det sommarferie på åttandeplass med ti poeng. Forsatt ubesigra på heimebane i årets fjerde divisjon