Helse Førde passerer tre milliardar


For første gong har Helse Førde eit budsjett på over tre milliardar kroner.

Budsjett 2021, som styret vedtok rett før jul, balanserer på nær 3,1 milliardar.
Føretaket legg opp til å behandle fleire pasientar neste år, mellom anna for å ta att auken i ventetider som har kome som ein konsekvens av koronaen.

Overfor styret understreka administrerande direktør Arve Varden at budsjettet er stramt:

- Vi kan i tillegg få ei utfordring med å få tak i rett personell, seier han i ei pressemelding.

Helse Førde reknar med ein viss auke i talet på tilsette. Dette skuldast mellom anna etablering av tryggleikspost i psykisk helsevern. Dei siste åra har føretaket kjøpt desse tenestene. Føretaket skal også etablere fleire ambulante tenester innanfor psykisk helsevern, og fleire tilsette i ambulansetenesta skal byte ut heimevaktordningar med vakt på ambulansestasjonar.

Ein ny nasjonal inntektsmodell for helseføretaka gjer at Helse Vest får ein auke i overføringane frå staten på 157 millionar kroner. Helse Førde sin del av dette er 12,5 millionar. I tillegg har føretaket fått 39,7 millionar kroner som er øyremerka til å handtere konsekvensane av koronapandemien i 2021.

Helse Førde har eit resultatkrav på 34 millionar neste år. Et slikt overskot er nødvendig for at føretaket skal klare store investeringar, mellom dei utbygginga av Førde sentralsjukehus og nytt medisinsk-teknisk utstyr.