Helse Førde oppmodar om å køyre eigen bil til sjukehuset

Pasientar som skal til behandling og som kan køyre sjølv, gjennomfører reisa til og frå behandling på eiga hand, skriv dei i ein pressemelding.


Dei oppmodar også dei som blir køyrd til behandling, om å nytte personleg transport.

– Desse transportråda er gitt både for å hindre smitte via offentleg og rekvirert transport, men også for å ha nok drosjekapasitet og kunne stille tilrettelagt transport til rådigheit for dei pasientane som treng dette mest, skriv dei.

I tillegg er det eit ønske om å redusere talet på pasientar som kjem i nærkontakt med kvarandre.

– Som følgje av nye råd for transport av pasientar/brukarar reduserer vi igjen tal pasientar i drosjene. Vi informerer også om at både pasient/brukar og eventuelt følgje skal sitje i baksetet for å oppretthalde avstand. Alle i bilen skal nytte munnbind under heile transporten.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.