Helse Førde innfører munnbind­påbod

Alle besøkande til sjukehusa i Helse Førde må nytte munnbind når det ikkje er råd å halde ein meter avstand.


Aukande smittetrykk i området til Helse Førde er årsaka til å det no vert krav om munnbind for besøkande.

– Det er smitte i dei fleste kommunar, og situasjonen er uoversiktleg. Også ved Førde sentralsjukehus har vi siste dagane hatt enkelte smittetilfelle. Basert på smittetrykket i samfunnet set vi no i verk forsterka smitteverntiltak, seier konstituert fagdirektør Asle Kjørlaug. 

Tilsette i Helse Førde skal inntil vidare nytte munnbind ved nærkontakt med pasientar der det ikkje er råd å halde nødvendig avstand. Meteren blir gjeninnført for poliklinske pasientar og dagpasientar på venterom og fellesareal. 

Tiltaka gjeld så lenge smittetrykket held seg høgt. 

– Vi ventar at perioden med mykje smitte i samfunnet vil vare i fleire veker. Tiltaka knytt til besøkande og meteren på venterom og i fellesareal vil venteleg vare til over nyttår, seier Kjørlaug.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.