Helene Langeland tek 1. mai over for Einar Skudal som blir pensjonist etter å ha vore sjukehusprest i Førde i 26 år.

Helene er ny sjukehusprest

Helene Langeland (48) er tilsett som sjukehusprest ved Førde sentralsjukehus.


– Eg søkte stillinga som sjukehusprest, fordi omsorgstenesta, i møte med enkeltmenneske, er noko av det som tiltalar meg aller mest som prest. Eg ser fram til å jobbe i eit tverrfagleg miljø, der eg kan vere ei av fleire relevante brikker i møte med pasientar, pårørande og tilsette, seier Langeland.

Langeland har vore 15 år som sokneprest i Lærdal, og har vore sjukehusprest på tilkalling for sjukehuset i Lærdal. Dei siste to-tre har ho vore fast vikar for sjukehusprest Einar Skudal i Førde. Ho arbeider no som beredskapsheim for Bufetat, og er andaktshaldar i morgonandakta på NRK P1. 

Helene Langeland er 48 år. Ho bur i Jølster, der ho også vart fødd og trakka sine første barnesteg. Men mesteparten av oppveksten var i Askvoll. 

Langeland tek 1.  mai over for Einar Skudal som blir pensjonist etter å ha vore sjukehusprest i Førde i 26 år. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.