Heimevernet gjennomfører øving

I perioden 18.-24. oktober gjennomfører Heimevernet øving i ytre Sogn.


– Øvinga vil i hovudsak innebere aktivitet i kommunane Gulen og Masfjorden, og inneber synleg tilstedevere av militært personell i lokalsamfunnet, særskilt langs vegakser og knutepunkt. Mannskapa vil bere våpen og lausammunisjon, opplyser Gulen kommune på heimesida si.

Gjennom heile perioden vil det vere aktivitet ved Haugsdal skytebane i Masfjorden kommune, samt Nyborg Skytebane og Oppedal/Brekke sine skytebaner i Gulen kommune.

Publikum oppmodast til ikkje å ferdast i desse områda i nemnte periode.

– Det vil førekome auka øvingsaktivitet mot slutten av perioden der også lausammunisjon kan bli nytta, heiter det vidare.

Publikum blir samstundes bedt om å etterkomme skilting og eventuelle oppmodingar frå militært personell i samband med øvingsaktiviteten.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.