Heidra for innsatsen for bridgeklubben


Olav Angell Vågan (73) vart på Høyanger Bridgeklubb sitt årsmøte nyleg tildelt Norsk Bridgeforbund (NBF) sitt fortenestemerke for innsatsen han har lagt ned.

Han har vore leiar for klubben i Høyanger i ei årrekkje, og er det framleis. 


– Vi meinte det var på høg tid at han fekk ei utmerking for innsatsen sin for bridgeklubben gjennom mange år. For den har vore – og er – formidabel, endå han sjølv tykkjer det er heilt naturleg. Mellom anna brukar han timesvis på å førebu spelkveldane vi har kvar veke, fortel Lars Kjetil Skeie, som er nestleiar i Høyanger Bridgeklubb, til Ytre Sogn.


Det var han – saman med kasserar Sven Ove Råsberg og styremedlem Terje Høyvik – som tok initiativ til å gje han Norsk Bridgeforbund (NBF) sitt fortenestemerke.

Sjølv vart Olav Angell Vågan overraska då han motok heidersteiknet
.

– Bridge er jo hobbyen min! Så noko slikt hadde eg aldri drøymt om. Men det er jo litt artig også, då, medgir han.


Les meir i neste Ytre Sogn!