Ingrid Heggø gler seg til å byrje i den nye jobben som næringssjef i heimkommunen.

Heggø blir ny næringssjef: - No gler eg meg til å kome i gang

Ingrid Heggø (59) veit at arbeidsoppgåvene som ventar ho som næringssjef i Høyanger er mange og store. 
- Men eg er klar til å brette og ermane, og gjere ein innsats for lokalsamfunnet, seier ho til Ytre Sogn.


Ingrid Heggø, som dei siste 16 åra har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, var ein av ti søkjarar til stillinga som næringssjef. Siste ni åra har den vore innehatt av Terje Søreide. Han skal no gå av med pensjon. 
Heggø var også innstilt til å få stillinga av tilsettingsutvalet, beståande av Petter Sortland, Kjellaug Brekkhus og Hroar Holm Carlsen.

Relevant erfaring
- Eg vart så glad då eg såg at stillinga var utlyst, og tenkte med ein gong at den kunne eg tenkje meg. Då ville eg få høve til å gje noko tilbake til lokalsamfunnet, seier ho til Ytre Sogn.

Ho er no inne i sin fjerde og siste periode som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og ho meiner at nettopp den erfaringa vil kome godt med i den nye jobben. Det same gjeld nettverket ho har fått i løpet av desse åra. 

- Dei første åtte åra på Stortinget sat eg i næringskomitéen, og då reiste vi landet rundt og vart kjend med eit stort mangfald av bedrifter. For det er ikkje til å komme vekk frå at når ein har vore ute, så ser ein gjerne litt annleis på det. Ein hevar blikket, og det treng Høyanger, meiner Heggø, som dei siste åra har sete i finansutvalet, med ansvar for både næring energi og miljø.

Elles trekk ho også fram at ho allereie har god kjennskap til lokalsamfunnet og næringslivet som er der.


Større mangfald
- Det langsiktige målet er å skape fleire arbeidsplassar, gjennom eit godt samarbeid med bedrifter, kommune og innbyggjarar, seier Heggø og peiker på at det vil kunne medføre tilflytting, noko Høyanger kommune treng. 

- Samtidig er det også viktig å ta vare på dei som allereie er innbyggjarar. Dei er viktige å ha med, skal vi få til nytt, understrekar ho.

Elles trekk ho også fram NAV og kunnskapen deira som viktige i dette arbeidet.

- Dei sit til ei kvar tid med oversikten over situasjonen på arbeidsmarknaden, og kompetansen som er tilgjengeleg, seier Heggø.

Ho fortel at noko av det første ho kjem til å gjere når ho byrjar i den nye jobben er å besøke dei ulike bedriftene i kommunen. 

- Eg kjenner mange av dei frå tidlegare, men det blir noko heilt anna å besøke dei som næringssjef, enn som stortingsrepresentant. Då jobbar ein jo mest med overordna vilkår for dei same bedriftene, seier ho.

Impulsar utanfrå
Og sjølv om industrien er viktig, vil ho også jobbe for større mangfald av bedrifter. Difor kan ho tenkje seg å besøkje lokalsamfunn som Høyanger kan samanliknast med. 

- Ein treng ikkje reise lenger enn til Vik, der ein har lukkast med å få mange små gründarar opp og gå. Det kan såleis vere nyttig å møte næringsapparatet på desse stadane og høyre meir om korleis dei har gjort det. Det same gjeld andre stader i landet. Å hente impulser utanfrå er viktig, understrekar ho.

Ho er klar over at arbeidsoppgavene som ventar ho er mange og store. 

- Men eg er klar til å brette opp ermene og gjere ein innsats, seier Heggø, som byrjar i jobben den 28.juni.

Då har Stortinget teke ferie, og neste gong det samlast er det med nye representantar. 

- Men det spørst om eg klarar å vente til då. Eg gler meg i alle fall veldig til å byrje. Så det kan hende at eg er i gang litt før, seier ho med eit smil.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.