Havyard byggjer tre el-ferjer


Når Noregs største ferjereiarlag med hovudsete i Florø bestiller tre nye elektriske ferjer, treng dei ikkje reise langt for å finne leiande aktørar innan sine felt.

Ferjene har design frå Multi Maritime i Førde og blir bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad.

Arbeidet med ferjene startar umiddelbart, og den første ferja skal leverast i midten av mai 2018. Dei to siste skal vere klare mot slutten av 2018. Skrogbygginga blir sett vekk, og det første skroget vil vere klart for utrustning i Leirvik mot slutten av 2017. Kontrakten har ein total verdi på rett under ein halv milliard kroner.

– Det er svært gledeleg at Fjord1 har valt Havyard Ship Technology til dette oppdraget. Kontrakten viser at vi er konkurransedyktige i særs sterk konkurranse med både norske og utanlandske verft. Vi håper og trur at dette berre er starten på eit langt og godt forhold til Fjord1, seier salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen.
Omstilling

For Havyard er kontraktene viktige, og viser at grepa som er gjort for å omstille verftet ber frukter. Dei siste åra har verftet gått inn i ei rekke nye segment som fisk, fornybar energi og no transport.

– For oss betyr desse kontraktene mykje då det sikrar god sysselsetting i 2018. Vår dyktige arbeidsstokk har vist stor evne til omstilling, og det er ekstra gledeleg å kunne sleppe denne nyheita rett før jul. Marknaden er i betring, og vi håper å kunne sleppe fleire positive nyheiter i tida framover, sier Conradi Andersen.

Salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen, og Arild Austrheim, maritim teknisk direktør i Fjord1 signerer kontrakt om tre el-ferjer. Salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen, og Arild Austrheim, maritim teknisk direktør i Fjord1 signerer kontrakt om tre el-ferjer.