Har signert ny femårsavtale


– Dette er med og sikrar arbeidsplassar i Høyanger, seier Egil Åsnes hos Hydro og Åge Nesse hos Bilfinger om avtalen som dei to bedriftene no har inngått.

Avtalen går på at Bilfinger skal å skifte ut elektrolysecellene og omfore støyperiomnane på verket i Høyanger, og gjeld dei neste fem åra.

– Det var også tre andre bedrifter som vart vurdert. Så det var ikkje sjølvsagt at det vart Bilfinger. Men dei var til slutt dei som hadde det beste tilbodet, både når det gjeld pris, kvalitet og anna, seier Egil Åsnes, fagleiar katode hos Hydro.

Og det er han nøgd med. Hydro er opptekne av å nytte lokale tenesteleverandørar når det er mogleg, påpeikar han.

– Bilfinger sit på ein kjernekompetanse innan dei aktivitetane vi held på med. Så vi er gjensidig avhengige av kvarandre, seier Åsnes, og får samtykkjande nikk frå Åge Nesse, plassjef hos Bilfinger.

Nesse seier at for Bilfinger sin del er det snakk om fire-fem årsverk knytt til avtalen som no er inngått.

– Vi har også vedlikehaldsavtale med Hydro, der vi brukar 10-12 årsverk. Så totalt har vi 16-17 årsverk knytt opp mot aktivitetane deira, seier plassjefen.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!