Håpar på godt besøk etter grenseopninga

Skrevet av
16.07.2020 10:10 - OPPDATERT 16.07.2020 12:10

Etter fleire veker med stengte grenser i Europa kan innbyggjarar i 25 land i EU - og Schengen-området igjen reise til feriedestinasjonar i Norge utan restriksjonar.

-Foreløpig har vi ikkje hatt den heilt store pågangen av førehandsbestillingar etter grenseopninga, men vi håpar at det kjem fleire etter kvart. Det seier innehavar av Nesheim camping i Bjordal, Jon Nesheim til Ytre Sogn.

Nesheim fortel at det så langt har vore færre besøkande og at dårleg vêr er noko av årsaka til det.
-Dette er fordi norske turistar reiser etter vêret, som er ulikt frå dei utanlandske turistane. Dei kjem hit for å blant anna oppleve friluftsliv med fiske, fjell - og breturar - uansett vêr.

Les meir i Ytre Sogn fredag!