"For Arbeidarpartiet handlar dette om at det no må bli vanlege folk sin tur igjen" skriv Torbjørn Vereide (Ap) i innlegget sitt. Foto Doris Christensen)

Halvering av ferjepris? Ap seier ja, H seier nei


No har prisane på ferjene auka nok. Difor meiner vi i Arbeidarpartiet at det er på tide med ei halvering av ferjebilletten. Det opplev eg at vi er mange som er samd i. Så ser eg at representantane frå Høgre har blitt litt galen på halveringsframlegget. Og det må dei gjerne. 

Men kva meiner dei eigentleg sjølv? Det blir hengande litt i lufta. I avisa går Frida Melvær og Olve Grotle frå Høgre saman om eit debattinnlegg der dei opnar med å spørje om kvifor «ymse Ap-toppar tør å kome til kysten» med eit slikt framlegg. 

Som den ymse kandidaten eg er, skal eg no sjå til at både Grotle og Melvær får svar på tiltalen.

Jam det tør eg. No har ferjeprisane auka nok. Meir enn nok. Når autopassordninga kostar 3600 kroner, så er det mange som fell av lasset. Då tykkjer eg det både er rett og rimeleg at vi får ei halvering av ferjeprisane.

Så skal vi være ærlege. Ei halvering av alle ferjebillettar kostar pengar. For å bruke ein formel som Høgre er kjenner att, så kjem prislappen nesten opp i 60% av regjeringa sitt prosjekt med stortingsgarasjen. 

Det er mykje pengar det; men kvifor er det verdt det?  Det trur eg vi er mange som kan gi eit svar på.

For nokre dagar sidan prata eg med ei som pendla til jobben. Då ho fortalde kor mykje av lønna som forsvann i ferjebillettar, var det ikkje vanskeleg å forstå at dei aukande prisane hadde vore ei belastning for familieøkonomien. 

Då eg spurde dei tilsette i eit bakeri før helga, var tilbakemeldinga klar og tydeleg. Med så mange vogntog som dei må sende på ferjene kvar einaste dag, så gjer ferjebillettprisen eit betydeleg innhogg i drifta og marginane for deira arbeidsplassar.

For Arbeidarpartiet handlar dette om at det no må bli vanlege folk sin tur igjen. Mange av oss som bur langs kysten og fjordane er avhengige av ferjene i kvardagen, og ser på dei som ein naturleg del av vegnettet vårt.

Eg skal no ha respekt for at Olve Grotle og Frida Melvær frå Høgre er usamde. Men eg trur vi byrjar å bli ganske mange etter kvart som tykkjer at prisane på ferjebillettane har auka nok. Meir enn nok. 

Høgre skal få lov til å protestere, men dette handlar faktisk om kvardagen til folk. Pendlinga til jobb og transporten for næringslivet.

Eg tykkjer det er på tide at vi får ei halvering av ferjeprisane.

Kva meiner du?

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.