Gulen og Høyanger har størst nedgang i ytre Sogn

Arbeidsløysa går no raskt nedover i Vestland, også i kommunar i ytre Sogn.

I Gulen var nedgangen på 35 prosent, og i Høyanger på 12 prosent, viser dei siste tala frå NAV. Der er arbeidsløysa no på høvesvis 1,0 og 2,3 prosent.

Hyllestad og Solund, derimot, hadde ein auke på høvesvis 11 og 80 prosent, og er no på 3,0 og 2,1 prosent.

Hyllestad har for øvrig den høgaste arbeidsløysa i Vestland. Den lågaste finn ein i Vik, med 0,4 prosent. 

Arbeidsløysa i fylket er på 2,3 prosent og ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,4 prosent.

– Vi ser allereie ein effekt av at dei fleste koronarestriksjonane no er avslutta, og vi ventar at dette vil gi større utslag i tala våre i tida framover, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ein kommentar.

 
Tala for kommunane i ytre Sogn:

Kommune    Heilt ledige tal     Heilt ledige %    Endring frå i fjor, %

Hyllestad                     21                    3,0%                         11%
Høyanger                    46                    2,3%                        -12%
Solund                           9                    2,1%                         80%
Gulen                           13                    1,0%                       -35%

(Kjelde: NAV Vestland)

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.