F.v.: Wenche Eldegard (fabrikksjef), Kati Tschöpe (TOS), Bjørn Erik Aga (fagleder elektrolyse) og Simen V Øystese (elektrolysesjef). (Pressefoto)

Gjev pris til verket i Årdal

Denne veka har Hydro Årdal og Technology & Operational Support-organisasjonen i Hydro feira at dei vann Innovasjonsprisen innanfor Produkt og Prosess.

Det var Hydro sin konsernsjef Hilde Merete Aasheim som avslørte bragden under den årlege President’s Awards-seremonien som vart streama for Hydro sine meir enn 30 000 tilsette.

President’s Awards er den gjevaste prisen i Hydro-systemet.

Innovasjonsprisen vert tildelt eit verk eller ei eining som har demonstrert fremragande innovasjon som igjen fører til store forbetringar av prosessar eller produkt. I år gjekk denne til Årdal Elektrolyse og Technology & Operational Support (TOS) for deira samarbeid om Platekatodar.

– Dette er eit tilfelle av utmerka samarbeid mellom produksjon og FoU. Eit team frå drift og teknologiorganisasjonen har utvikla ei ny katodeløysing for elektrolysecellene ved Hydro Årdal. Kjernen i innovasjonen er ei ny platekatodeløysing som gir fleire fordelar. Det mogleggjer høgare straumstyrke og dermed høgare produksjonsvolum og forteneste i smelteverket, og forlengar også katoden si levetid på rundt 200 dagar. Det reduserer energiforbruket i storleiksorden 0,2 kWh per kilo aluminium ytterlegare og gir ei forenkla montering. Det er planar om å implementere liknande løysingar på andre verk, heiter det i juryen si grunngjeving.

Det er også viktig å ta med seg at platekatoden også inneber ein stor forbetring når det gjeld samanstillinga av katode. Samanlikna med ein tradisjonell katode vil det nye designet forenkle denne prosessen og gje ei vesentleg forbetring på HMS. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.