Gjennomførte den første vigsla si


Før helga fekk ordførar i Høyanger Petter Sortland elddåpen sin då han vigde Agnethe Smelvær og Alf Reidar Bolset frå Vadheim.

Det føregjekk i kommunestyresalen i Høyanger rådhus, som var laga til slik at det vart ei høgtideleg ramme om det heile..

- Eg opplevde det som ei både høgtideleg og rørande stund, og det håpar eg at paret eg vigde - Agnethe og Alf Reidar - også gjorde, seier ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn etter at den borgarlege vigsla var over fredag ettermiddag.

Frå 1. januar i år overtok nemleg kommunar over heile landet den borgarlege vigsleretten frå domstolane, og i Høyanger vedtok kommunestyret at det er ordførar eller varaordførar som skal føreta vigsler. Og paret frå Vadheim var altså først ut i kommunen hans.

- Vi ville ha ei enkel vigsle, og at det vart ordførar Petter Sortland som skulle føreta den i rådhuset synest vi val veldig kjekt, både fordi vi kjenner han og han kjenner oss og at det då vart ein meir naturleg og avslappa seremoni, seier dei to til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Høyanger-ordførar Petter Sortland saman med paret han vigde; Agnethe Smelvær og Alf Reidar Bolset, som bur i Vadheim. (Foto: Espen Bakketun)