Over 300 personar deltok på folkemøtet om vindkraft i samfunnshuset i Høyanger måndag kveld.

Fullt hus på folkemøtet: –⁠ Med kraft er det alltid vanskelege avvegingar

Ein fullstappa kinosal, og fleire framfor skjermane i festsalen, tok del i folkemøtet på Samfunnshuset i Høyanger måndag kveld.


Det er tre og eit halvt år sidan sist gong Høyanger kommune inviterte til folkemøte om vindkraft, og etter at Eviny og Hydro saman med Zephyr no har lansert nye planar for vindkraft i høyangerfjella var det dags igjen.

Ein fullsett sal fekk måndag kveld høyre på og stille spørsmål til konsernsjefane i Hydro og Eviny Fornybar, Eivind Kallevik og Olav Osvoll, greie ut om planane sine. Frå Motvind var Hogne Hongset og leiar Hildgunn Hervik Flengstad inviterte.

Etter innlegga frå dei ulike aktørane, var det tid for spørsmål frå salen, og det mangla ikkje på engasjerte deltakarar denne kvelden. Klokka byrja å nærme seg 21.30 før Petter Sortland, ordførar i Høyanger og ordstyrar denne kvelden, kunne takke for kvelden.

Avvegingar
Reaksjonane frå Høyanger-folket etter lansering av planane har vore dominert av motstandarane av vindkraft, og også denne kvelden var det motstandarane som tok til ordet under runda med spørsmål frå salen.

Argumenta til Hydro er at når langtidskontraktane på straum går ut i 2030 er dei avhengige av billig straum for å drive industrien sin. Med dei prisane dei er førespegla let det seg ikkje å drive eit verk som i Høyanger med overskot, og dermed vil dei saman med Eviny lage sin eigen straum og sikre drift av nåverande industri og utvikling i regionen.

Samtidig er både Hydro og Eviny klare på at vindkraft er smertefulle inngrep i naturen.

– Med kraft er det alltid vanskelege avvegingar. Det gjer vondt over alt, og eg har stor respekt for at du elskar fjellet ditt. Men vi veit at vi må bruke to-tre promille av vestlandet for å gje samfunnet den krafta den treng, og då må du gjere arealavklaringar, sa Osvoll på møtet.

25 grunneigarar
Men for vindkraftmotstandarane ser ikkje desse avvegingane ut til å vere så vanskelege. 25 grunneigarar har allereie sendt brev til Høyanger og Sunnfjord kommune med klar beskjed om at dei ikkje vil ha dette prosjektet på eigedomane sine.

– Om det er grunneigarar som absolutt ikkje vil vere med på dette prosjektet her, så vil vi jo sjå om vi kan tilpasse prosjektet utan om dei, sa Osvoll på spørsmål kring dette.

(F.v.) Hogne Hongset og Hildgunn Hervik Flengstad frå Motvind Norge, konsernsjef for Hydro Eivind Kallevik og administrerande direktør i Eviny Fornybar Olav Osvoll.
Når kan kommunen sei nei?

Eit anna viktig tema denne kvelden var korleis beslutningsmoglegheitene vil bli for Høyanger kommune framover. I første omgang er Hydro og Eviny ute etter grønt lys frå kommunestyret for ein konsekvensutredning, men etter det er det usemje om kor mykje kommunen kan påverke.

Arnold Matre representerte organisasjonen Folk For Fjella, og var ein av dei som stilte spørsmål frå salen. Spørsmålet var om kva som vil skje om Eviny og NVE for lov av kommunane så sende melding på start av konsekvensutredning.

– Vil kommunen på eit tidspunkt etter det kunne sei nei?

Osvoll sa møta med Sunnfjord og Høyanger kommune 16. februar er reine informasjonsmøte, og at dei ikkje har noko forventing om at det vil komme vedtak allereie no. Han sa også at Eviny forventa å måtte halde seg til det nye lovverket som kjem på område, der kommunane må regulere område til vindkraft, og sånn sett vil ha det siste ordet.

Leiar for Motvind Norge var ikkje einig i at dette var ein realistisk saksgang.

– Om de seier ja til ei konsekvensutgreiing no, så er løpet køyrt, sa ho i sitt innlegg.

Erfaringa hennar frå heimkommunen Tysvær er alt anna enn positiv, og ho beskreiv ein prosess der kommunen vart fullstendig overkøyrt av utbyggjarane.

– Ikkje la dykk lure av desse folka her nede. Alt dei vil er å få kommunestyra til å sei ja til ei konskvensutgreiing. Når den ligg der, så er det for seint folkens.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, var ordstyrar for folkemøtet, og han var godt nøgd med engasjementet denne kvelden.
Engasjement

Etter over tre timar med innlegg, spørsmål og svar runda Sortland av møtet godt på overtid. Sjølv er han nøgd med korleis møtet gjekk, som han kallar både inspirerande og nødvendig.

– Det var eit veldig inspirerande møte med stort engasjement. Omlag 300 var innom Samfunnshuset, og folk følgde sendinga på strøyming. Dette var nok eit folkemøte det var eit heilt klart behov for. Som møteleiar er eg veldig nøgd med engasjementet og spørsmåla som vart stilde. Hydro og Eviny måtte svare for mykje, og det trur eg dei var innstilte på, seier Sortland til Ytre Sogn.