Front mot front i Vadheim

To bilar har kollidert front mot front på E39 i Vadheim sentrum.


Det var fem personar i dei to bilane.. 

Ingen av dei skal vere alvorleg skadde.  Alle vert imidlertid sendt til legevakt for sjekk. 

Innsatsleiar på staden, Sturla Iman, seier til Ytre Sogn at årsaka til ulykka ikkje er klar.

Bilane står i vegbana, men det er passasje på staden. Men det skal vere sleip og våt vegbane på staden. 

Like før klokka 22 melder politiet at bilane er fjerna frå vegbana, og at det vert oppretta sak. 

Ulykka vart meldt klokka 20.45. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.