Framleis besøksreglar ved sjukehusa

Det er framleis besøksreglar ved sjukehusa, sjølv om dei har gått attende til ein meir normal kvardag.


Det opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

–  Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytte sårbare pasientar og eigne medarbeidarar.

Avtale på førehand
Dersom du ønskjer å besøkje nokon skal det vere avtalt på førehand med avdelinga. Dei som ikkje har avtale, må vende seg til resepsjonen før dei går til avdelinga. 

– Besøkjande må vere friske. Du kan ikkje ha luftvegsymptom, ha påvist covid eller vente svar på test. Du kan ikkje vere nærkontakt til nokon som har fått påvist smitte, og du kan ikkje ha endra smak- og/eller luktesans. Dei same reglane gjeld for følgje som er med pasientar til poliklinikk eller dagbehandling.

Helse Førde kjem til å legge til rette for besøk til alvorleg sjuke eller døyande pasientar.

Kvinneklinikken går tilbake til besøksrutinane dei hadde før koronaen. Far eller medmor får vere med i avdelinga.

– Andre må besøkje barselkvinnene i kantina, resepsjonen eller andre eigna stader. Dette er gjort for å skåne barselkvinnene noko under opphaldet.

Kan gje utfordringar
Frå og med sist laurdag har landet vore i ein ny fase, skildra som «ein normal kvardag med auka beredskap». 561 dagar etter at pandemien starta 12. mars 2020, gjekk Norge over frå kontroll- til beredskapsstrategi.

Den nye kvardagen inneber at restriksjonar stort sett er fjerna. Unntaket er kravet om isolasjon for dei som er sjuke av covid-19.

– Pasientar og pårørande må likevel framleis rekne med nokre tiltak framover. Vi står framfor ein haust og vinter som kan gje store utfordringar når det gjeld koronavirus, influensa og RS-virus samtidig. Styresmaktene ber difor helseføretaka om å ha planar klare for at mange pasientar kan bli innlagde med smittsame sjukdommar.

I Helse Førde set dei no ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på retningslinjer for besøk i sjukehusa på generelt nivå. Bakgrunnen er erfaringane vi har gjort oss gjennom handteringa av pandemien.

– Vi minner også om at vi ikkje må gløyme det beste smitteverntiltaket når vi no er i ein meir normal kvardag: God handhygiene!

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.