- Samarbeidet 8-13 starta som eit prosjekt i 2016, og er i dag ein del av drifta ved Høyanger vidaregåande skule, seier rektor ved Høyanger vidaregåande skule Torill Thorbjørnsen til Ytre Sogn. Anne Lene Hansen

Frå prosjekt til formalisert samarbeid

Etter endt prosjektperiode er 8-13 samarbeidet no ein del av den daglege drifta ved Høyanger vidaregåande skule


+Til Ytre Sogn fortel rektor ved Høyanger vidaregåande Torill Thorbjørnsen at bakgrunn for samarbeidet er Norconsult sin rapport i 2013 som ville legge Høyanger vidaregåande ned.
-Vi begynte eit fagleg samarbeid som skal vere med å auke kvaliteten, og i enden av det auka gjennomføring i vidaregåande skule. Der vi blant anna jobba med overgangar, gjennomgåande læreplanar og fekk sett ned fagseksjonar. På den måten har vi i lag med lærarane jobba oss fram til kva som er ein god modell – og det føler vi no at vi har, seier ho.

Prosjekt
Hovudmål for 8-13 samarbeidet er å auke og sikre kvaliteten i læringsarbeidet gjennom heile grunnopplæringa, for å gje elevane best mogleg fagleg og sosial kompetanse. Og bidra til ei auka gjennomføring på studiespesialiserande og yrkesfagleg utdanningsprogram. Samarbeidet som starta som eit prosjekt i 2016, er i dag ein del av drifta ved Høyanger vidaregåande skule.

Samarbeid
Høyangerskulen 1-13 er eit samarbeid mellom skulane i Høyanger kommune og Høyanger vidaregåande. Der satsingsområdet frå skuleåret 2016-2017 har vore fagsamarbeid 8-13, primært mellom Høyanger skule og Høyanger vidaregåande, fordi skulane er meir eller mindre samlokaliserte. Dette samarbeidet inneber;

* Fagseksjonsarbeid i norsk, matte og engelsk 8-13
* Lærarsamarbeid og lærarutveksling 10.klasse – vg.1
* 10.klasse har sin base på Høyanger vidaregåande skule

Felles leiarmøte
-Vi har fagsesjonar i norsk, engelsk og matte som har gjennomgåande læreplanar 8-13. Funksjonen som seksjonsleiarane får gjeld i ein tå års periode, som dei får ekstra ressurs for. Vi har ikkje noko ekstra midlar til dette så vi tek det frå leiingsressurs, å sjå frå år til år kor vi kan ta den ressursen frå. Vi har tre felles leiarmøte kvart år, der også rådgjevarane er med. Der vi før skulestart mellom anna går gjennom mandatet til seksjonsleiarane, nye ting vi bør få inn og kva vi vi ønskjer tilbakemelding på. I tillegg er det verdien ved det å dele eigne erfaringar eller tips, anten det er gode døme eller det som kanskje ikkje har vore så bra. Og rett og slett tore å prøve nye ting, seier Thorbjørnsen.

Fagseksjonar
Ho fortel vidare at det no er vedteke ny mål og strategiplan i Vestland, der dette med å sjå på opplæring som eit 13-årig løp er presisert.
-Etter å ha jobba med dette i fleire år er det vanskeleg å seie noko om det gjer fagleg resultat. Det vi håpar på er at overgangen til vidaregåande som Høyanger kommune har jobba med heile vegen – ikkje blir så vanskeleg. No skal alle lærarane tilhøyra ein fagseksjon, der ein har 7-13 og ein 8-13. Ein viktig del av arbeidet i fagseksjonane 8-13 er at dei analyserte resultata frå kartleggingane i gruppene blir gjett vidare til 1-7 nettverket, for å kunne finne ut kor – og kva som eventuelt ikkje fungerer og sette inn ekstra innsats der. Med tanke på utbytte av det samarbeidet og fellesprosjektet vi har hatt tykkjer eg tilbakemeldinga frå elevundersøkingane har vore litt dårleg. Men etter litt trykk er det kjekt å sjå at elevvurderingane i år har gått opp. Dette er eit resultat av samarbeidet, så no er vi på rett veg, seier ho.

Fysikk og kjemi
For å nå hovudmålsetjinga om auka gjennomføring er samarbeid mellom skule og næringsliv eit av fokusområda. Per i dag har Høyanger vidaregåande ein ressurs til arbeidslivkontrakt som skal brukast mot overgang til vg3 – opplæring i bedrift. Målsetjinga vidare er å få til eit tettare samarbeid med næringslivet, blant anna gjennom samarbeidsavtalar.
-Saman med Årdal vidaregåande skal to realfagslærarar frå kvar skule i 2.termin prøve ut eit digitalt samarbeid i fag der det er få elvar i gruppene. Dette gjeld spesielt fysikk og kjemi, som er fag for spesiell studiekompetanse. Kvar skule brukar i dag fem timar på kvart fag, kan vi dele den ressursen på to skular kan vi køyre nokre timar digitalt og nokre der lærar er fysisk til stades for oppfølging og rettleiing. Det vil og kunne frigi ressursar til eit breiare tilbod. Samarbeid på tvers av skulane i fag med få elevar trur vi vil tvinge fram etter kvart grunna økonomi, den digitale kunnskapen og utstyret har vi, fortel Thorbjørnsen.

 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.