Første vaksinedosane kjem i neste veke


– Høyanger kommune får 20 dosar første veka i januar, opplyser smittevernlege Kristine Brix Longfellow til Ytre Sogn.

Hyllestad kommune får 10 dosar. Det same gjer Gulen kommune, medan Solund kommune får fem.



– 20 dosar er jo latterleg lite. Men dette gjeld for dei fleste kommunane i landet. Vi må gjere det beste ut av det. Eg håpar at dei neste dosane kjem rett etterpå, seier ho til Ytre Sogn. 



Longfellow fortel vidare at det vert ein roleg oppstart med 20 dosar. 



– Det som hadde vore bekymringsfullt, var om vi fekk 1000 dosar. Då hadde det vore mykje logistikk som måtte på plass. No blir det i alle fall ikkje noko stress, seier Longfellow.


Ho seier at dei første i køen i kommunen er dei eldre.



– Vi kjem til å starte med eldre på sjukeheim og i omsorgsbustader, så beveger vi oss ned i alder. Vi er allereie i gong med samtykkeskjema for kven som skal ta vaksine og ikkje. Etter kvart vil også dei i risikogruppa få tilbod, seier ho.

Les meir i neste Ytre Sogn!