– Det er ein merkedag for oss, dette, ettersom det no er 506 dagar sidan vi sit hadde besøk av cruiseskip, som følgje av koronapandemien, seier Jon Olav Stedje hos Flåm Hamn til Ytre Sogn.
Skipet som no har kome på besøk til bygda inst i Sognefjorden er Hanseatic Nature, tilhøyrande det tyske reiarlaget Hapag-Lloyd Cruises. Til saman er det 200 personar om bord, av dei 90 cruisegjester frå Tyskland. Det same skipet kjem tilbake dei tre neste laurdagane, og er dei einaste handfaste anløpa ut sesongen, opplyser Stedje.
Skipet som no har kome på besøk er Hanseatic Nature, tilhøyrande dt tyske reiarlaget Hapag-Lløyd Cruises. Hanseatic Nature forlet Flåm og siglar utover fjorden att klokka 14 laurdag, opplyser Stedje.