Hanseatic Nature til kai i Flåm laurdag føremiddag. (Alle foto Flåm Hamn/Jon Olav Stedje)

Første cruiseskip på over eit år

Laurdag morgon var første gong på over eit år at eit cruiseskip segla innover Sognefjorden, og la til kai i Flåm.


– Det er ein merkedag for oss, dette, ettersom det no er 506 dagar sidan vi sit hadde besøk av cruiseskip, som følgje av koronapandemien, seier Jon Olav Stedje hos Flåm Hamn til Ytre Sogn.

Skipet som no har kome på besøk til bygda inst i Sognefjorden er Hanseatic Nature, tilhøyrande det tyske reiarlaget Hapag-Lloyd Cruises.

Til saman er det 200 personar om bord, av dei 90 cruisegjester frå Tyskland.

Det same skipet kjem tilbake dei tre neste laurdagane, og er dei einaste handfaste anløpa ut sesongen, opplyser Stedje.

Tilsaman er det 200 passasjerar ombord i skipet.

– Men vi håpar at utviklinga og regelverket no blir justert, slik at vi kan få fleire anløp utover. Reiarlaga står klare til å kome til norskekysten, så lenge regelverket tilseier det. Det viktigaste er jo at dette føregår i trygge rammer, samstundes som det kan være eit signal for at deler av verdiskapingsgrunnlaget for fleire bedrifter og næringsliv i området er tilbake, noko som er tiltrengt utover seinsommaren og hausten, seier han.

– Så det er heilt klart at viføler stor glede og optimisme i dag, og trossene frå skipet har sjeldan vore lettare, legg han til.

 
Skipet som no har kome på besøk er Hanseatic Nature, tilhøyrande dt tyske reiarlaget Hapag-Lløyd Cruises.

Hanseatic Nature forlet Flåm og siglar utover fjorden att klokka 14 laurdag, opplyser Stedje.


 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.