Foreldre tenkte nytt for å samle inn pengar til fotballcup


Foreldra til spelarane på IL Høyang sitt G12-lag valde å tenkje nytt for å samle inn pengar til fotballcupen dei skal delta på.

– Alle kan ikkje gå rundt å samle inn flasker på ein såpass liten plass som Høyanger. Så vi måtte tenkje nytt og fann at vi skulle prøve ut sal av mat til dei som er på trening i hallen, seier Rita Marie Nygård Eldevik, som ein av initiativtakarane til det nye tilbodet, til Ytre Sogn.


For det er ikkje alltid det blir tid for til å reise heim etter skule, og ete middag før treninga byrjar. 


– Det same gjeld kveldsmat når treninga er på kvelden, seier ho. 


No stiller dei i Høyangerhallen to dagar i veka; måndag og torsdag.

– Vi prøver å lage til ein sunn og variert meny. Begge dagar har vi fruktsalat, toast, grove vaflar og rundstykke, og kvar måndag har vi også middag, som til dømes lapskaus og pastasalat

Pengane dei tener skal i første omgang gå til å dekke deltaking på årets Lerum Cup i Sogndal for alle gutane på laget.

- Det kostar litt å vere med på slike arrangement og alle har kanskje ikkje råd. Difor er dugnadstiltak som dette utruleg viktige, der alle stiller likt og er med å bidreg, slik at alle som vil får vere med på cup’en, seier Eldevik.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

-Det er eit veldig godt tilbod, og vaflane er kjempegode, seier (f.v) Knut Olav Nygård Eldevik (G13/14), Sverre Drage Skreien (G12) og storebror Vegard Drage Skreien (G13/14)