I Høyanger er arbeidsløysa på 4,4 prosent, eller 90 heilt ledige, ved utgangen av januar. Det er ein auke på 61 prosent ni høve til same tid i fjor.

Fleire arbeids­ledige i ytre Sogn

Arbeidsløysa er aukande, også i ytre Sogn


Det gjeld både Høyanger, Gulen og Hyllestad, viser dei siste tala frå NAV Vestland, som vart lagt fram tidlegare i dag. 

I Høyanger er arbeidsløysa på 4,4 prosent, eller 90 heilt ledige, ved utgangen av januar. Det er ein auke på 61 prosent i høve til same tid i fjor.

Hyllestad har ei arbeidsløyse på 3,3 prosent, eller 23 heilt ledige. Det er ein auke på 92 prosent i høve til same tid i fjor.

Både Gulen og Solund har ei arbeidsløyse på 1,9 prosent. Når det gjeld Solund, der talet på heilt ledige er 8, er det uenadra i høve til same tid i fjor. 

For Gulen er det imidlertid ein auke på 44 prosent. Der er talet på heilt ledige no 23.

Aurland er imidlertid kommunen i Vestland med høgast arbeidsløyse ved utgangen av januar, på 9,5 prosent, eller 94 heilt ledige.

Ser lysere ut
I januar er om lag 13.400 personar registrerte som heilt ledige i Vestland, som  er ein auke på vel 1000 personar frå desember. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,9 prosent.

Trass auka i talet på ledige ser situasjonen lysare ut framover,

– Dei økonomiske indikatorane peikar mot at 2021 vert eit år med vekst, kor ein del av det ein tapte i 2020 vert henta inn att. Vi venter at talet på ledige går ned med rundt 33 prosent i år, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Ho legg til at prognosen legg til grunn at samfunnet ikkje vert stengt ned på nytt, og at dei fleste restriksjonane i samband med koronapandemien etter kvart vert letta.

Meir utdanning
I januar er det over 6.000 ledige stillingar i Vestland. Sjølv om mange ledige etter kvart vil vende attende til arbeidslivet, vil krava til omstilling vere store.

– Mange vil ha behov for anten å ta ei ny utdanning, fullføre avbroten utdanning eller fylle på kompetansen på andre måtar. Endringar i dagpengeregelverket gjer det no mogeleg å kombinere dagpengar med utdanning, seier Bogsnes.

I Vestland tilbyr fylkeskommunen gratis vitnemål eller fagbrev til permitterte og arbeidsledige. Fagskular, studieforbund og andre opplæringsaktørar har òg oppretta utdanningstilbod til næringar som er særleg ramma av restriksjonar i samband med koronaviruset.

– Vi oppmodar alle ledige og permitterte om å vurdere desse mogelegheitene, seier Bogsnes.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.