Fjerde innbrot på kort tid i Høyanger næringspark



- No byrjar vi å bli leie, seier Arnt Dønnem etter at uvedkommende har teke seg inn i Høyanger Næringspark for fjerde gong på dei siste par månadane. Og dei har vore ute etter det same kvar gong

-I trimrommet i eine delen av bygget står eit musikkanlegg, og første gong dei var inne i bygget for eit par månader sidan tok dei med seg dette. Så, to veker etterpå, kom dei tilbake. Men då hadde dei med seg anlegget igjen. Så skjedde det same igjen. Dei tok seg inn og tok med seg musikkanlegget igjen, og då eg kom på jobb i dag tidleg var det på plass igjen. Skilnaden var imidlertid at no var anlegget ramponert, fortel Arnt Dønnem, som har tilsynet med bygget der ein tidlegare dreiv med felgproduksjon.



Han fortel at denne gongen var det også gjort meir omfattande skader på vindauga dei har teke seg inn igjennom kvar gong.



- Difor har vi no meldt saka til politiet, seier Dønnem.



Han seier at det ikkje er kjekt at nokon held på slik.



- Når ein prøver å få til ny aktivitet i bygget er det viktig at det blir halde vedlike. Då treng vi ikkje det eg vil kalle pøbelstrekar, seier Dønnem og oppfordrar dei som kan ha sett noko i området i helga til å kontakte politiet.