Fiskeridirektoratet har meldt Aller Aqua til politiet

35 000 fisk rømde frå anlegget til Aller Aqua i Vadheim i november. No er saka meldt til politiet.


Årsaka til meldinga skal ifølgje fiskeridir.no vere brot på regelverket.

– Da vi følgde opp rømningshendinga fann vi fleire avvik ved tilsyn, seier Gudrun Egge, konstituert seksjonssjef for seksjon reaksjonar i Fiskeridirektoratet.

I november 2022 vart Aller Aqua Norway As pålagt å drive med miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettslaks i elleve vassdrag i Vestland fylke. I januar 2023 valde Fiskeridirektoratet å melde selskapet til politiet for ulike brot på akvakulturlovgivninga.

– Vårt utgangspunkt er å sikre forsvarleg drift for å verne miljøet i størst mogleg grad. Drift i henhald til regelverket inneber og førebygging, og å minimere risikoen for miljøskade, seier Egge.

– Det er og ein føresetnad at næringa etterlev vilkåra for drift dersom akvakulturnæringa skal vere berekraftig.

Ifølgje Intrafish, som først meldte om saka, ønskjer ikkje Fiskeridirektoratet å gå konkret inn på kva brot på regelverket Aller Aqua skal ha gjort.

– Sidan dette er ei pågåande politisak så har ikkje Fiskeridirektoratet fleire kommentarar per no, seier Nadia Jdaini, senior kommunikasjonsrådgiver i Fiskeridirektoratet, til Intrafish.