Festbråk i Høyanger


Like før klokka 3 natt til søndag fekk politiet melding om festbråk frå ein bustad i Høyanger. Dette roa seg etter kvart ned, opplyser dei.

Men det var ikkje einaste staden i Vest politidistrikt måtte rykke ut til i natt. Tilsaman hadde dei 150 loggførte oppdrag frå klokka 23 laurdag kveld. 

Dei fekk 40 meldingar om festbråk, 7 om slåsskampar, 3 om gjester som hadde slått ned tilsette eller vektarar på utestader, 4 branner i bosspann og 7 om fyrverkeri. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.