Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger.

Ferie utan pengar?

YTRINGAR: Det er forståeleg at valet i september førte til nytt stortingsfleirtal og ny regjering. Veljarane, langt utover arbeidarklassen sine rekkjer, var lei høgrepolitikken.  

Høgrepolitikken hadde ført til langt større klasseforskjellar enn det vi har vore vant med dei siste 40-50 åra.  Også distrikta har vore skadelidande.  Ikkje minst har høgrepolitikken gått utover det landbruket vi er avhengige av for både busetjing, sjølvberging og kulturlandskap sin del.

Noko av det grovaste som har skjedd, er overfor dei som miste jobben eller blei permitterte, og måtte ta til takke med dagpengar.  

Og som om ikkje dette skulle vere nok; no skal dei også snytast for feriepengane.  Det er overraskande utifrå AP sin 100-dagarsplan som partiet presenterte i valkampen.  Planen hadde mange gode tiltak, men dei må gjennomførast.

Løfta om feriepengar blei repeterte i AP og SP si Hurdalsplattform, men pengane har ikkje kome med i statsbudsjett-forslaget til regjeringa.  På dette punktet er ikkje AP og SP eit «spøtt» betre enn forgjengarane.

Partia har ikkje funne grunn til å rokke særleg ved dei borgarlege sine skattelettar til dei rike og som visstnok er på heile 30 milliardar kroner, 30000 millionar kroner, regjeringsperiodane sett under eitt.  Nokre prosent av dette burde vore konfiskert og kunne gjeve dagpenge-avhengige og deira familiar eit betre liv.

Her har også den nye regjeringa gjort Mateus 13:12 til leveregel:  «For den som har, han skal få, og det i overflod.  Men den som ikke har, skal bli fratatt selv det han har.»

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.