Feira målgang i Hyllestad


Laurdag ettermiddag kunne Malene Blikken Haukøy sprette champagneflaska etter å ha brukt seks dagar på å springe Sognefjorden på langs.

27-åringen frå Kyrkjebø starta i Skjolden i Luster måndag og kom i mål i Portvika Hyllestad laurdag. I løpet av den tida la ho bak seg 300 kilometer og 20.000 høgdemeter.

Men ho gjorde det ikkje berre for å utfordre seg sjølv. Ho brukte også løpeturen til å setje fokus på MS. Ho ville gje noko tilbake til forbundet som hjalp mor hennar då ho vart råka av sjukdomen.

Du kan lese meir om Malene og løpet hennar i neste Ytre Sogn!