"Dei etablerte partia som krigar om distrikta sin gunst i høve til valkampen, har no starta med å love gull og grøne skogar på sjøen" skriv Industri- og næringspartiet i innlegget sitt.
Ytringar:

Fagre ferjelovnader i valkampen


 


Valkampen har starta og ferjeprisane står i fokus. Den siste tida har vi kunne lese innlegg frå det eine partiet etter det andre, der dei omsider vil gjere noko med kostnadane for folk som er totalt avhengig av ferjer. Industri- og Næringspartiet (INP) har lenge forfekta prinsippet om at ferjer er ein del av riksvegnettet, så vi er glade for at dei etablerte partia endeleg kjem etter. Men graden av kor fort og kor mykje dei skal kutte, samt korleis dei skal finansiere det, varierer ein del.

Ap, ved Jonas Gahr Støre og nestleiar Skjæran, ville halvere ferjeprisane frå hausten, med ein modell som resulterer i auka avgifter på andre område. Så rekna dei litt på det, og veka etter kom Jonas og sa det var ikkje slik han meinte det. Dei skal visst ikkje halvere prisane over alt, men må sjå litt nærare på kor. Likevel skal dei ikkje vente til hausten lenger, men kutte med det same. 

Frp presenterte ein ny versjon etter at dei såg at det å gjere narr av ferjekutt ikkje var populært blant veljarane. Dei vil òg halvere prisane, men «på sikt» gi gratis riksvegferjer. Pengane skal dei nok ein gong hente frå Oljefondet. I tillegg har Sp føreslått ein gratis-versjon. Men den vil visst heller ikkje omfatte alle, og finansieringa hadde dei ikkje sett på.

Industri- og Næringspartiet (INP), som er eit nytt nasjonalt parti og for første gang i historia stiller til val, har frå dag ein hatt i programmet at «FERGER ER EN DEL AV RIKSVEINETTET». Vi har ikkje endra politikk sidan vi lanserte standpunktet den 29.02.20.

Dei etablerte partia som krigar om distrikta sin gunst i høve til valkampen, har no starta med å love gull og grøne skogar på sjøen. Nokre vil finansiere det med auka avgifter. Andre vil auke uttak av pengane som velferdssamfunnet er avhengige av i framtida. 

INP finn med sin konsekvenspolitikk dekning ved å disponere om i årets statsbudsjett. Vi meiner til dømes at ferjer er nyttigare enn Langskip, og langskipet i budsjettet er lasta med mange store skattar frå ei lang rekkje røvartokt. Så dei 3-4 mrd. som krevjast for å innføre gratis ferjer kan dekkast med inntekter frå avgifter på køyretøy og drivstoff, ved å overføre kostnader frå oppblåste prosjekt med tvilsam nytteverdi. Det er mange å ta av, og i tillegg er det ein del å hente på effektivisering av administrasjon. VI ønskjer ikkje å overføre inndekninga til andre deler av samfunnet ved skatteauke, ei heller ved å auke uttak av midlar som i framtida skal vedlikehalde velferdsstaten.

Valet står 13 september 21. På tide å stemme nytt: stem INP.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.