Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, sals- og administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Den viktigaste oppgåva til stiftinga er å rekruttere og følgje opp lærlingar og lærebedrifter. Pro består av eit mangfald av medlemsbedrifter i heile Vestland fylke og handterer om lag 150 lærlingar i året. Målet er at talet lærlingar skal vera 300 medio 2025. Pro Vestland opplæringskontor er ei non-profitstifting som vart oppretta i 1997.
Pro Vestland opplæringskontor strekker seg etter nye og ambisiøse mål for å gjere overgangen til yrkeslivet enklare for lærevillige ungdommar. Vi søker derfor etter ein engasjert og strukturert fagkonsulent som skal bidra til auka rekruttering og aktiv oppfølging av ungdom i lærlingordninga innenfor fagområda industri/teknologi. Sentrale arbeidsoppgåver i stillinga som fagkonsulent er: *Å representere Pro i møte med elevar ute på skulane*Møte eksisterande og nya lærebedrifter og andre eksterne samarbeidspartnarar
*Halde eksterne presentasjonar om lærlingordninga og delta på utdanningsmesser
*Følgje opp og vere ein ressurs for lærlingar og lærebedrifter frå søknad om læreplass til avlagt fagbrev
*Vidareføre og vidareutvikle samarbeid med lærebedriftene, vidaregåande skular og fagopplæring i Vestland fylke
*Sikre at opplæringa i lærebedriftene føregår i tråd med Opplæringslova Vi ser etter deg som blir motivert av å jobbe tett på og med ungdommar under opplæring. For å lukkast i rolla må du vera samarbeidsorientert, like å bygge relasjonar til både lærlingar og kontaktpersonar i våre lærebedrifter, og ta små og store utfordringar på strak arm. I rolla som fagkonsulent vil du ha nytte av å ha fagbrev sjølv frå eit av Pro sine fagfelt eller erfaring frå anna fag- eller yrkesopplæring. God kunnskap om bruk av digitale verktøy og sosiale medier er eit ønske. I Pro Vestland opplæringskontor møter du kompetente og engasjerte kollegaer som brenn for å gjere det enkelt og trygt å vere lærling og lærebedrift. Du får ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å utvikle deg og å få ny kompetanse. Og så får du kontorplass i attraktive lokaler sentralt i Førde, men jobben kan også gjerast frå andre stadar i fylket. Ein del reiseverksemd i regionen må ein rekne med
pro.sf.no