Er du så sikkert på det, Lunde?


I Ytre Sogn 25.09.2024 kjenner John Helge Lunde seg sikker på at lokalpolitikarane i Høyanger og Sunnfjord vil opne for konsekvensutgreiing (KU) av vindkraft i fjella våre. Han kjenner seg sikker på at kommunen på denne måten også vil seie ja til å regulere om 50-100 km2 frå Landbruk, Natur og Friluftsområde i fjella til industriområde og vindkraft - berre med eit enkelt ja på eit kommunestyremøte. Han kjenner seg sikker på at kommunen med dette vil seie ja til konsesjonssøknad også. For seier kommunen ja til KU, så seier dei også ja til områderegulering og konsesjonssøknad (jmfr regjeringa).

Lunde er med andre ord sikker på at kommunen og dei folkevalgte med eitt enkelt vedtak tek ansvar for konsekvensane av ein KU – nemleg at areal på storleik med Norges største vindkraftanlegg vert beslaglagt til industri i fjella våre til evig tid, at kilometervis med veg vert sprengt ut i fjella, og at 250 m høge turbinar vert plassert på 1000 moh. Med alt det medfører av øydelagt natur og horisont, av støy, redusert folkehelse og risiko for øydelagt drikkevatn. Samt reduksjon av eigedomsverdiar inntil 10 km frå turbinane.

Erfaring viser at dersom ein kommune skulle seie ja til KU, og så seinare veljer å seie nei til prosjektet, så vil vindkraftselskapa konsultere sine beste advokatar og påklage ei slik avgjerd. Då vert det ikkje lenger berre ein kamp mellom folket og vindkrafta, men denne gongen mellom kommunen og vindkraftselskapa. Skulle EU sitt fornybardirektiv bli vedtatt av Norge, vil dette direktivet via EØS overstyre norsk lov. Då risikerer Sunnfjord og Høyanger kommune at vindkraftselskapa også klagar til EU.

Eg er sikker på at lokalpolitikarane i Sunnfjord og Høyanger forstår alvoret i å seie ja til KU. Og at i deira ja eller nei til KU så ligg eit ja eller nei til vindkraft i fjella våre. For dei veit at det finnast ikkje ei einaste utbyggjarfinansiert konskvensutgreiing som klårt frårår tiltaket.

Ingunn Kjelstad
Leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn