Endeleg fekk Frode si eiga «etestove»


– Eg flytta frå 30 kvadratmeter bak slottet til 50 kvadratmeter på Grünerløkka, og då fekk eg endeleg plass til «etestove» også, seier Frode Søreide. 


Vi møter han heime nokre timar før vegen går til kveldsvakt i NRK Sporten. I stova er det sport på tv, men også eit og anna som stadfestar at Søreide framleis tenkjer bustad og styling.


40-åringen frå Høyanger sørside bur midt i oasen på Grünerløkka, og ut frå si 50 kvadratmeter store leilegheit ser han også utover hovudstaden vår. 


– Eg flytta frå 30 kvadratmeter bak slottet til 50 kvadratmeter på Grünerløkka, og då fekk eg endeleg plass til «etestove» også, forklarar han og peikar mot plakaten over bordet som slår det heile fast. 



Ved sida av står det ein eldgamal Radionette-radio han har fått med seg heimanfrå. Eit skikkeleg retromøte mellom den interiørinteresserte og journalisten der altså.

Men at han hamna i senter av heile «Solgt!»-prosjektet var tilfeldig.

– Sjefen min i FBI ville ha meg til «Solgt!» som jo er eit dansk konsept. Det skulle berre vere eit par sesongar, men det blei såpass suksess at vi fortsette vidare, fortel han om tv-konseptet.



Der og då blei – og framleis er – Frode Søreide Mr. Solgt.



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!