Elektrotek dobla omsetnaden


Elektrotek AS i Lavik hadde ingen planar om å bli fleire tilsette enn dei to som har vore i bedrifta frå starten. Det må dei no gå tilbake på.

– Fjoråret vart hektisk, med ein veldig auke i oppdragsmengde, ikkje minst opp mot industrien. Av ein omsetnad på vel 10 millionar kroner utgjorde den åleine i overkant av 7 millionar kroner, blant anna på grunn av større oppdrag for Elkem i Ålvik og Wacker på Kyrksæterøra, seier Sølve Bosdal, dagleg leiar for Elektrotek, til Ytre Sogn.

Til samanlikning har bedrifta sin omsetnad i åra før lege på mellom 4 og 5 millionar kroner.
– Så vi jobba veldig mykje i fjor, noko som også er grunnen til at vi no vel å utvide staben med éin til, seier han.

Det var Bosdal som starta bedrifta som utfører alt innan elektroinstallasjon hausten 2015, og få månader seinare fekk han med seg Simen Arntsen. På den tida vart også det tidlegare bankbygget i Lavik sentrum kjøpt, til lager og kontor.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!