Guten vart henta av luftambulanse og vart floge til Haukeland sjukehus der han seinare på kvelden vart erklært død.
– Vi i politiet fekk melding om ulykka torsdag kveld. Vi ønskjer ikkje å gå ut med hendelsesforløpet, men har gjennomført åstadsundersøkingar og jobbar no med å finne ut kva som skjedde. Det fortel straffesaksansvarleg i Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, Askel Rødland. Det var folk til stades da ulykka skjedde. – Det var folk i umiddelbar nærleik som kom raskt til for å hjelpe guten, men det skulle dessverre vise seg at livet ikkje stod til å redde. Familien til guten er ikkje heimehøyrande i Høyanger kommune.