Ein kveld med Annika på Klævold gard


Med tente stearinlys for å setje publikum i den rette stemninga og alle sitjeplasser fylt opp var det søndag klart for konserten «Ein kveld med Annika» på Klævold gard, med den talentfulle songaren Annika Beinnes frå Vadheim.

– Fortel litt om kvifor de arrangerer konserten, her på Klævold gard.
– Eg vil at det skal skje noko i dette huset, og prøver difor å få til aktivitetar, som til dømes små intimkonsertar som denne – eller adventkonsertar som vi har hatt før. Og som Annika sin tidlegare lærar kjenner eg ho veldig godt, og meinte at dette kunne bli eit fint konsept. Sjølv om ho er mykje på farten var det ikkje nei i hennar munn då eg spurte om ho ville vere med, seier ei smilande nøgd Sonja Aasen Årdal til Ytre Sogn.

Songtalentet frå Vadheim har, trass sin unge alder, allereie delteke på mange både små og store musikalske arrangement.

Les meir i Ytre Sogn tysdag.