Eg veit kven eg vil ha som ordføraren min!


Kven vil du ha som ordføraren din?» spør lokallagsleiaren i Høyanger Arbeidarparti i ei ytring i Ytre Sogn på nett 28.08.23. Kristin Sagerøy Råsberg sitt svar er dessverre ikkje det same som underteikna ville svart på spørsmålet. Eg vil ha endring; ei ny retning for korleis Høyanger Kommune vert styrt i åra framover.

Folketalsnedgang er det store spøkelset ein finn i heile distrikts Noreg. Det gjeld også her i vår kommune, noko Råsberg trekk fram i innlegget sitt. Korleis skal vi i vår kommune vinne kampen om tilflyttarane? Kva kan Høyanger tilby som ein ikkje får i Sunnfjord eller Sogndal? 

«Sirkulære Høyanger» og det som skjer i «Fundobygget» og at vi no er ein del av grøn region Vestland, må vi bruke for det det er verdt, for å få auka næringsaktivitet i heile kommunen. Senterpartiet vil omorganisere HNU slik at det vert ein del av samfunnavdelinga i kommunen og at vi får nytta både menneskelege og økonomiske ressursar best mogleg. 

Høyanger kommune er ein stor og langstrakt kommune. Fleire av partia prata varmt om utvikling og folketalsvekst i heile kommunen, men dei få tiltaka som kjem fram i debatten  gjeld berre Høyanger tettstad. Ortnevik er bygda i kommunen med størst folketalsvekst. Ei bygd utan skule og med ein rasutsett fylkesveg. Og den sårt tiltrengde branngarasjen deira dreg ut i tid. Likevel vert folk verande i bygda og dei stortrivst. Eg trur difor Høyanger tettstad kan lære noko av bygdene rundt i kommunen.

No treng vi endring og nytenking i kommunen vår. Arbeiderpartiet har regjert her lenge nok. Kanskje kan kommunevalet 11. september vere starten på noko nytt. Ein ordførar frå eit anna parti, ja til og med ein ordførar som ikkje er busett i tettstaden? Det kan verke skummelt for mange, men eg meiner det er vel verdt å gje nokon andre moglegheita til å prøve. Difor håpa eg håpa mange vil utføre si borgarplikt på valdagen og stemme fram ein ny ordførar for heile Høyanger kommune. Ved førre kommuneval røysta 67% av dei røysteføre. I ein kommune som Høyanger er det nokre titals person- eller listestemmer som skal til for å gjere ei endring på valresultatet, så berre eit par ekstra kryss eller slengjarar kan gjere ein stor forskjell på kven som styrer dei neste fire åra.

Geir Helge Østerbø er familiemann og matprodusent. Han er oppvaksen og busett på den mest undersolte plassen i kommunen, og er Senterpartiet sin ordførarkandidat til valet. Han går inn i sin sjuande periode i kommunestyret. «Gelle» kjenner kommunen og innbyggjarane her godt, og han har ei vel så tydeleg stemme ut frå kommunen som dagens ordførar. No er han klar for å ta på seg oppgåva som ny ordførar i Høyanger om innbyggjarane gjer han tillit. 

Kjære innbyggjarar, prøv noko nytt dette valet. Stem på eit parti som vil gjere ei forandring og som ser kommunen frå ein ny vinkel. Bruk røysteretten og røyst på Senterpartiet og Geir Helge Østerbø som ordførar – godt val!

Jonas Haugsbø
Lokallagsleiar og 3. kandidat, Høyanger Senterparti