Medan Luttprisen gjekk av stabelen i Nordfjordeid, der Verdsmannen var nominert til Årets artist, spelte han sjølv intimkonsert i Vadheim.
Var nominert til Luttprisen:

–⁠ Eg er i Vadheim og det er jævlig fett

Medan Luttprisen føregjekk i Operahuset på Nordfjordeid, spelte Verdsmannen Thorbjørnsen konsert på Kvernafossen i Vadheim. – Og det er jævlig fett.


To lys farger scena blodraud, og i lokalet har folk samla seg rundt tre bord. Verdsmannen har kledd seg i svart dress, med slips og kvit skjorte, frå no av skal det vere stivpynta når han opptrer.

– Eg køyrer «gravferdsagent», seier Verdsmannen sjølv.

Eller Ketil Thorbjørnsen som han eigentleg heiter. Han er frå Høyanger og brenn for musikken. Han er kalla ein av Norge sine beste tekstforfatterar, og har fire studioalbum bak seg. Snart skal han spele inn sitt femte, men no er han på ein liten turne rundt om på Vestlandet. «Spint åleine».

– Det er viktig å stase seg litt opp, eg har spelt alt for mykje i lafsete klede. Det kan umogleg ha vore bra for karriera, men no er det dress. Og då reknar eg med karriera berre går rett opp, seier Verdsmannen.

Nessingane stilte opp
Ikkje for det, han er altså nominert til Årets artist på Luttprisen. Kveldane før han kom til Vadheim spelte han i Bergen, og dagen før det i Odda. Dagen før det på Nessane. To konsertar i Høyanger kommune på ei veke, ikkje ein av dei i Høyanger.

Men han fortel at det var veldig bra sist han var innom, Samfunnshuset var ei god scene, og det blir nok å spele der igjen. Men denne veka er det altså Vadheim og Nessane som gjelder.

– Det var heilt jævlig vêr når eg spelte på Nessane, og eg var redd det ikkje var nokon som ville ut av huset den dagen. Men Nessingane stilte opp dei, det var heilt enormt, fortel Verdsmannen medan sekunda tikkar mot konsertstart.

På ei scene bada i raudt, spelte Verdsmannen låtar frå sine fire studioalbum.
Lite og intimt

Ein forsterkar, eit lite PA-anlegg, to gitarar, ein mikrofon og nokre pedalar på golvet står allereie klart, bada i det raude lyset.

Han meiner Kvernafossen er ein heilt perfekt stad å spele. Det blir lite og intimt, og har fått med seg at det byrjar å skje ting i dei små lokala til det lokale mikrobryggeriet.

– Eg likar folk så prøver å få til ting, seier Verdsmannen.

Han går på scena og heng ein raud Gibson-gitar rundt halsen. Det kan hende den ikkje er raud, men det er ikkje så lett å vite, alt på den scena er raudt. Låtane blir raude, songen er raud. «Tusen hål i armen», Verdsmannen Thorbjørnsen syng med innleving og harme i stemma. Han spelar gitarsoloar utan backing.

«Ugras»
Det er dystert og mollstemt. Songar om den harde sida av livet. Sett frå Verdsmannen sin ståstad. Utvilsamt farga i raudt.

Ein og ein halv time flyg forbi, før han tek ekstranummeret utan å gå av scena. «Ugras» frå den siste plata. Ein kanonlåt, som funkar fantastisk bra med fullt band. Men den funkar faen meg med bare gitar og song, òg.

Bordet rett framfor scena har lågast gjennomsnittsalder denne kvelden, og etter ein og ein halv time med gitar og Verdsmannen si stemme, er dei byrja å bli litt utolmodige, kanskje. Men så fort han er ferdig viser dei si takksemd. Ståande applaus, «selfies» med artisten.

Det var lite og intimt på Kvernafossen denne kvelden, men lite publikum kan framleis gje store opplevingar.
– Jævlig fett

På Nordfjordeid har Årets artist gått til ein eller anna artist som ikkje er Verdsmannen, men i Vadheim er det ingen som bryr seg om det. Verdsmannen sjølv er glad han er i Vadheim denne kvelden, og spelar og syng.

– Det er prisfest i Operahuset på Nordfjordeid i kveld?

– Ja, men eg er i Vadheim og speler, og det er jævlig fett.