Hyllestad kommune har ledig stilling som driftsoperatør/fagarbeidar i teknisk avdeling, fast 100 % stilling frå august 2023. Avdeling for teknisk drift er underlagt avdeling for Samfunnsutvikling og teknisk drift, og har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale eigedomar og anlegg som vatn og avlaup, kommunale vegar, bilparken, kommunale bygg og eigedomar. Vi nyttar LAFT-system til fordeling av oppdrag, i tillegg til at ein får medansvar for eit hovudområde (veg, bygg eller vatn og avlaup). Deltaking i vaktordning i vekene inngår i stillinga. Vi ser etter ein medarbeidar som vil vere allsidig og handy, og kan ta i eit tak. Arbeidsoppgåver
*Oppfølging og dokumentasjon av drift- og vedlikehaldsoppgåver
*Utføre oppgåver knytt til dagleg drift av kommunen sine bygg og eigedomar
*Ha medansvar for eit breidt spekter av oppgåver knytt til ulike tekniske anlegg
*Oppfølging av HMS-rutiner
*Delta i andre oppgåver i DV-avdelinga når det er naudsynt
Kvalifikasjonar
*Det er ønskjeleg med relevant fagbrev for ulike oppgåver i avdelinga, som til dømes tømrar, røyrleggar eller anleggsmaskinførar
*Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande fagbrev
*Fleksibel, evne til å handtere ulike arbeidsopgåver i løpet av ein dag
*Generell ikt-kompetanse
*Førarkort kl. BE (gjerne òg C1)
*Tilfredsstillande politiattest må framvisast før tiltreding
Personlege eigenskapar
*Du er praktisk og har godt humør
*Du er påliteleg og ansvarsbevisst
*Du arbeider strukturert og har god orden
*Du er komfortabel med å arbeide med ulike oppgåver og ulike brukarar og kollegaer
*Du har vilje til å lære nye system etter behov, og har evne til å arbeide sjølvstendig men også i team
*Varierande arbeidsoppgåver i ei viktig avdeling
*Tenestebil
*Fleksibel arbeidstid
*Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet, lokal særavtale knytt til vaktordninga
*God pensjonsordning i KLP, 2 % av løna vert trekt til pensjon
*Gratis trening i treningsrommet i idrettshallen
*Bustadtilskot til førstegangsetablerarar i kommunen, etter eigne reglar
Referansenr: 809767082 Fylke: Vestland Jobbtype: Fast Heiltid/Deltid: Heiltid Arbeidstid: Dag Søknadsfrist: 05.06.2023
Arbeidsstad: Hyllestad kommune Kontaktpersonar:
DV-leiar Kåre Olav Hatlebrekke
mob: +47 91356149 HR-leiar Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504 Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.nO Vel møtt som søkjar! SØK HER: