Direktør

Skrevet av Annonse
26.08.2021 10:28

SIMAS IKS
SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap som handsamar avfallet for omlag 28.000 innbyggjarar i Sogn. Me har fokus på å utnytte verdiane i avfallet og bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter- på ein kostnadseffektiv måte.
 
Om stillinga
No treng SIMAS ny direktør. Me ser etter deg som kan leie den daglege drifta av selskapet og stå ansvarleg for at drifta er i samsvar med selskapsavtale og årsbudsjett.

Me ynskjer ein person som har eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

Me ynskjer ein leiar som er oppteken av utvikling og nyvinning og vil jobbe tett med andre næringsaktørar, avfallsselskap og eigarkommunane. Dette med bakgrunn i overgang til sirkulær økonomi og den viktige rolla selskapet har i samfunnsutviklinga.
 
Arbeidsoppgåver
Vurdere verksemda sine mål og utvikling, og i lag med stab og leiargruppe/styreleiar legge fram forslag til tiltak for styret
Møte med og oppfylging av kommunane sitt arbeid med renovasjon
Overordna budsjettarbeid
Overordna ansvar for HMS og å fylgje opp og revidere HMS-dokumenta
Syte for at verksemda når budsjetta sine på ein kostnadseffektiv måte med fokus på kontinuerleg forbetring
Syte for gjennomføring av styret og representantskapet sine vedtak
Rapportere verksemda sin situasjon, hendingar og aktuelle situasjonar til styret
Førebu klagesaker til ankenemda
Avgjere saker i høve vedteken renovasjonsforskrift (slam og hushaldsrenovasjon)
Møtesekretær i SIMAS, både for styret og representantskapet
Stillinga rapporterer til styret for SIMAS. På dagleg basis utanom styremøta rapporterer direktøren til styreleiar.

Kvalifikasjonar
Du må ha høgare teknisk, administrativ eller økonomisk utdanning, i tillegg til dokumentert leiarkompetanse.

I tillegg ynskjer vi at du:

Har fagleg innsikt innan avfall, gjenvinning og miljøvern
Er oppteken av samfunnsutvikling
Er ein tydeleg leiar med gode samarbeidsevner
Kan handtere mange og komplekse oppgåver samtidig
Er positiv, humørfylt og inkluderande
Meistrar norsk skriftleg og munnleg, nynorsk er eit krav
 
Me tilbyr
Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for innbyggjarane våre
Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
Moglegheit til å påverke eigen arbeidssituasjon
Konkurransedyktig løn
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
Moglegheit til å vere med å byggje lokalt og regionalt samfunn i lag med andre avfallsselskap, næringsaktørar og eigarkommunar

Spørsmål om stillinga
Spørsmål om stillinga rettast til direktør Hallvard Thomassen på telefon 995 78 118 og styreleiar Jøril Hovland på telefon 482 19 780.

Søknadsfrist: 30.09.21.

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/210646/direktoer

[annonse]
https://www.youtube.com/watch?v=I29pRQPB8-E

www.simas.no