Barneskitrekket er nå komen på plass, men det står att nokre smådetaljar på den nye trekkbua og litt terrengtilstelling før barnetrekket er heilt klart.

Det nye barneskitrekket på Siplo er på plass

Skrive av Kjartan Gunnarskog
21.09.2022 12:34

– Det står att nokre smådetaljar på den nye trekkbua og litt terrengtilstelling før barnetrekket er heilt klart. Kommunen må nå få på plass driftstillatelse og godkjenning frå Statens Jernbanetilsyn før ei eventuell opning til vintersesongen, fortel prosjektleiar Bjørn Berstad til Ytre Sogn.

Etter at Hydro løyvde 200 000 koronakroner til nytt barneskitrekk i 2020, starta snøballen å rulle. Høyanger kommune og Siplo tråkkemaskindrift vart einige om ein tredelt finansieringsmodell våren 2021, og arbeidet med fundament og ny trekktrase tok til hausten 2021.


– Det som kjenneteiknar dette prosjektet er at vi har fått til ei tredelt finansiering. I tillegg til at eigar av anlegget Høyanger kommune finansierer prosjektet ved hjelp av spelemidlar, bidreg Siplo Tråkkemaskindrift både med delfinansiering og ikkje minst ein stor dugnadsinnsats. Siplo gruppa har bidrege med grundig og godt arbeid med uttrauring av fundament, ny trekktrase, tilpassing ny nedfart og bygging av trekkbu, seier prosjektleiar Bjørn Berstad til Ytre Sogn.

Abonner på Ytre Sogn for å få tilgang til heile saka, og mykje meir!

plussText