Det betyr noko kven som styrer landet

YTRINGAR: Som ordførarar står vi med ansvar for tenester som er viktige i kvardagen til folk. Vi ser kvar dag kva korleis  nasjonale føringar påverkar  livet i lokalsamfunna våre. 

Og: 
Det betyr noko at nasjonale styresmakter viser at dei lyttar til både små og store kommunar   
Det betyr noko at ein har  tillit til at det også i distrikta finst kloke hovud som kan finne gode måtar å løyse oppgåvene på.   
Det betyr noko å kunne ha nok ressursar til å kunne gje gode helsetenester og inkluderande fritidstilbod
Det betyr noko at det vert nok pengar til å sikre trygge skulevegar for borna våre.  

Men: 
Det skaper usikkerheit når innbyggjarane ikkje veit kor tid dei kan vente hjelp fordi politiet har lang reiseveg.  
Det påverkar engasjementet vårt når gode heilskaplege vurderingar i arealplanane våre ikkje passar inn i det mangfaldige statlege regelverket.   
Det gjer noko med oss når lokalsamfunna våre vert funne for små eller “lite robuste” til å løyse viktige oppgåver. 
Det er tungt når ein må kutte i sterkt ynskte tenester fordi kommunen ikkje har råd.  

For: 
Vi ser eit framtidsretta næringsliv  med høg kompetanse som jobbar hardt for å skape verdiar og har eit sterkt engasjement for lokalsamfunna sine. 
Vi ser eldsjeler som gjer ein formidabel jobb i nærmiljøet. 
Vi ser tilsette i oppvekst og helsesektoren som gjer det dei kan for å strekke til i ein krevjande kvardag. 
Vi ser flotte folk som har tru på lokalsamfunnet sitt.
Vi ser ungdom som ynskjer å busetje seg i Sogn og Fjordane. 
Vi trur på lokalsamfunna våre! 

Difor:
Senterpartiet vil utvikle lokalsamfunn og kommunar saman med dei som lever der og har tillit til at dei beste løysingane kjem fram der innbyggarane blir involverte.  
Då betyr det også noko kven som styrer landet!  

Godt val.  

-Trygve Skjerdal, ordførar Aurland
-Kjetil Felde, ordførar Fjaler
-Leidulf Gloppestad, ordførar Gloppen
-Hallvard S. Oppedal, ordførar Gulen
-Ivar Kvalen, ordførar Luster
-Arnstein Menes, ordførar Sogndal
-Gunn Åmdal Mongstad, ordførar Solund
-Per Kjøllesdal, ordførar Stryn 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.