Foto: Sveinung Skjong-Arnestad

Det angår oss alle


I dag skal kommunestyret i Høyanger ta stilling til om dei skal starte opp arbeidet med vindkraft i fjella mellom Høyanger og Sunnfjord. Nærfjella våre er med det i spel. Eg seier “våre” endå om eg ikkje er heimehøyrande i Høyanger. Eg seier “våre” fordi Snøheia er like mykje mi hei som alle andre si. Eg seier “våre” fordi fjella, og fjellas helsetilstand og evne til å levera oss goder, angår oss alle.

Eg voks opp i Gaular, og var ikkje lite stolt då eg første gongen gjekk på Klungeren (817 moh) saman med brørne mine.  Her hadde vi utsyn mot Høyangerfjella, inkludert Snøheia, og frå Snøheia er det utsyn til Klungeren og Storehesten, ja til Stølsheimen i sør og Ålfotbreen i nord. Sidan har det vore mange fjellturar rundt om i heile Sogn og Fjordane. Mine heimefjell. Snøheia angår meg, fordi Snøheia er mi, nett som Klungeren og Storehesten og Lodalskåpa er mine. Og dine - og dine - og dine. Dei er våre, inkludert våre etterkomarar.

Det eg prøver å seia, er at vi er alle samanvevd, vi er alle ein del av den same heilskapen. Høyanger strekkjer seg over til sørsida av Sognefjorden, til Stølsheimen, som også er truga av vindkraftutbygging. Slik går det ikkje an for Høyanger å krevja eksklusivitet og monopol på denne typen avgjerder. Slik går det ikkje an for Høyanger å hevda at dette er Høyanger si avgjerd, og noko ingen andre har noko med.

Ei utbygging av Snøheia og Høyangerfjella - Gud forby - vil påverka nabogrender, nabogardar, nabokommunar. Ei utbygging av Snøheia og Høyangerfjella vil påverka eigedomsverdiar ikkje berre i Høyanger, men i Sunnfjord, i gamle Gaular kommune. Ei utbygging av Snøheia og Høyangerfjella vil påverka bulyst, livskvalitet og nabo- og familierelasjonar i Vadheim, på Sande, på Viksdalen. Ei utbygging av Snøheia og Høyangerfjella får konsekvensar langt ut over Høyanger. Difor må Høyanger i denne saka henta fram og ta i bruk eit gamalt hedersord som har særleg klangbotn og relevans i eit industrisamfunn som dette. Solidaritet.

Solidaritet, folkens. Så flott, så storslege, så gjensidig forpliktande. Solidaritet med naboar, solidaritet med naturen og alt som lever i han, solidaritet med komande generasjonar. Kva slags solidaritet er den solidariteten som gjeld berre innanfor ei grend, ein kommune? Det er ikkje solidaritet, det, det er egoisme.

Vindkraft er eit lagnadstungt feilgrep. Vi ser det i bygd etter bygd, i lokalsamfunn etter lokalsamfunn. Tysvær, Fosen, Haramsøya, Buheii, Sørmarksfjellet, Odalen, Frøya, Øyfjellet. Vi ser splitta bygder, maltrakterte fuglar, raserte landskap, sundskotne toppar, groteske skjæringar, redusert livkvalitet, fråflytta gardar, støy, lysforureining, skuggekast, iskast, flyktande reinsdyr, forgifta vasskjelder, tapte næringar, formuer eksportert til skatteparadis, brotne menneskerettar. Vi ser overgrep etter overgrep.

Vi ser grådigheit. Vi ser at nokre få tener seg så styrtrike at dei ser seg nøydde til å flytta til Sveits. Vi ser at tapet og kostnaden, uroa og sorga, fell på dei mange, på den store fellesskapen.

Og dei kallar det grønt. Hadde det vore begrepsforvirring, hadde det kanskje vore råd å tilgi. Men dette er ikkje forvirring, dette er kalkulert misbruk av ord, dette er kynisk manipulasjon, og tru det eller ei, det blir heia på av våre styremakter.

Vi har rikeleg med kraft i dette landet, ikkje minst i denne regionen. Noreg eksporterer straum tilsvarande meir enn to gonger forbruket til Oslo by, og vi har mange måtar vi kan både auka produksjonen og redusera forbruket på. Før vi bygger ned noko som helst meir natur, må vi sørge for å lage ei tydeleg prioritering av kva den dyrebare krafta vår skal brukast til. Er det lurt med ein ammoniakkfabrikk i Bremanger som skal forbruka to Alta-kraftverk med straum og produsera akkurat nok ammoniakk til å driva sju skip av ein global flåte på mange tusen? Kanskje vi heller må spørje kva desse båtane fraktar, og vi kan redusere noko av behovet? 

Vi må slutte å elektrifisere sokkelen, slutte å kaste bort verdfull kraft på luftige og enormt kostbare prosjekt som vi ikkje veit effekten av. Tenk berre på batterifabrikken Freyr. Bruk pengane til noko fornuftig, ikkje minst til å styrke arbeidet med energieffektivisering og gjenbruk i industrien, og energisparing i alle bygningar og hus i det ganske land! 

Er det lurt å rasera eit vakkert og viktig friluftsområde mellom Sunnfjord og Høyanger med meir enn 100 vindturbinar for å sikra straum til ei industribedrift som på eit vis som ikkje er ei hjørnesteinsbedrift verdig, og som uansett ikkje kjem til å leggja ned verksemda si? Er det lurt å risikera nattesøvn, mental helse og livskvalitet? Er det lurt å påføra nabogrender dei same eller endå verre konsekvensar?

Ikkje la dykk lure, Høyanger! Ikkje la dykk manipulere! Vi har med krefter å gjera som aldri fortel heile sanninga, som kastar om seg med fine ord dei ikkje har til hensikt å følgja opp. Krefter som vi har sett er villige til brutalt å knusa lokal motstand for å oppnå sine mål. La meg berre minna om Zephyr sin skammelege oppførsel på Haramsøya.

Dei kom, dei røva - og forsvann, og etterlet seg eit samfunn i sorg.

Dette handlar om verdiar, dette handlar om å ta vare på det kjæraste og viktigaste vi har, naturen.

Sei nei til konsekvensutgreiing. Vi har dyrkjøpte erfaringar, det er ingenting nytt å greia ut. Vi veit nok. Vi veit altfor mykje.

Helene Ødven
Nestleiar i Naturvernforbundet