13,8 kilometer veg i Hyllestad kan få ny asfalt i år, medan 2,7 kilometer kan få den rehabiltert.

Desse vegane i Hyllestad kan få ny asfalt

I Hyllestad vil det bli brukt 7,2 millionar kroner på å asfaltere kommunale vegar i år.


Utval for plan og samfunn gjekk i møte torsdag inn for å prioritere følgjande vegar:

* Dalsbygdvegen (500 m)
* Handalsvegen (1300 m)
* Hellemsvegen (1500 m)
* Kjøpstadvegen (Våge - Kjøpstad) (1800 m)
* Kolgrovsvegen (3300 m)
* Lifjordvegen (Hyllestadhallen) (200 m)
* Skifjordvegen (Seljevoll) (600 m)
* Skivenesvegen kryss til 465 (350 m)
* Skivenesvegen kryss til 534 (750 m)
* Sognesjøvegen (1000 m)
* Sognesjøvegen (81/6) (400 m)
* Solåsvegen (Solåsen) (1000 m)
* Systaddalvegen (200 m), Trøsdalsvegen (800 m)
* Trøsdalsvegen (1800 m)
* Åfjordvegen (Eiklund) (200 m)
* Åfjordvegen (Hatlemsbotn) (600 m)

Tilsaman blir det 16,5 kilometer veg. Av dei vil 13,8 kilometer få ny asfalt, medan 2,7 kilometer vil få den rehabilitert.

3,6 millionar meir
- Generelt så er det føreslått ein stor del nyasfaltering og dette vil gjere det «daglege» vedlikehaldsarbeidet meir overkommeleg. Større del med asfalterte vegar bør også gi ein gevinst i form av meir tid til vedlikehald av grusvegar. Vonleg kan ein også få brukt noko meir tid på vedlikehald av bruer, rekkverk, gatelys og ikkje minst skogrydding, meiner kommunedirektør Martin Lundgård.

Han viser til at gode kommunale vegar også er viktig for buattraktiviteten i kommunen. 

- Prioriteringane nører oppunder kommunen sin visjon om å bli inkluderande og attraktiv. Infrastruktur ser  viktig for kva folk bur, og reisetid til og frå jobb, skule og fritidsaktivitetar spelar ei rolle.

Løyvinga på 7,2 millionar kroner er 6 millionar kroner meir enn tidlegare planlagt for 2021. Det har med å gjere at løyvingar i 2022 og 2023 går ut. For desse to åra var det planlagt å bruke 1,2 millionar kroner årleg. Det betyr at for treårsperioden så er det løyvd 3,6 millionar kroner meir enn tidlegare vedteke, og alt skal brukast i 2021.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.