Denne bygda skal heite Øystrebø, ikkje Østerbø


Kartverket har vedteke at namnet på bygda Østerbø skal endrat til Øystrebø. Det likar Geir Helge Østerbø dårleg.

- Nei, dette skjønar eg ingenting av, er den første kommentaren hans til vedtaket som no er gjort.



Han både bur i - og deler namn med - den vesle bygda på Høyanger sørside, ikkje langt frå Søreide.



- Det er jo ingen som brukar Øystrebø av oss i bygda, verken i min generasjon, eller i den før. Ja, sjølv har eg knapt høyrt det før. Vi har alltid sagt Østerbø, og det håpar eg også at vi kan fortsetje med. Øystrebø må vere eit namn dei har funne på eit veldig gamalt kart, meiner Geir Helge Østerby, som altså bur på staden som - enn så lenge, i alle fall - heiter Østerbø.



Han er også varaordførar i Høyanger kommune, og representerer Sp i kommunestyret. 



Lite å gjere?


- Då saka var oppe sist, var det forslag om Austrebø, og no kjem dei altså med eit nytt, Øystrebø. Det får ein nesten til å lure på om dei har for lite å gjere på, legg han til.



Kartverket grunngir namnevalet med at Øystrebø er den skrivemåten som best ivaretek både uttalen og meiningsinnhaldet i namnet, og den har ein innarbeidd skrifttradisjon i offentleg bruk.



«Denne skrivemåten står i nær samanheng med det språklege opphavet til namnet, og har såleis ein lang tradisjon på staden. Øystrebø er difor den namneforma som best ivaretek omsyna i lov om stadnamn», skriv dei i vedtaksbrevet som no er oversendt Høyanger kommune.



Det betyr også at det no vert Øystrebødalen, Øystrebøelva og Øystrebøfossen. 



- Det er jo ingen som brukar Øystrebø av oss i bygda, verken i min generasjon, eller i den før, seier Geir Helge Østerbø (biletet) til Ytre Sogn. .

Tilrår å anke


Tysdag kjem namnesaka opp i både formannskap og kommunestyre, og i tilrådinga si går rådmann Kjellaug Brekkhus inn for at Øystrebø ikkje blir ståande. 


- Etter vår oppfatning er ikkje det eit lokalt namn som er brukt i skrivemåte og talemål, meiner ho, og ber politikarane om å anke Kartverket sitt vedtak.


Det håpar også Østerbø på at dei gjer. Sjølv er han ugild i saka, som ein av dei som har klaga på namnet.



- Kva om det blir ståande? Vil du også endre namn til Øystrebø?


- Nei, då byter eg heller til Nilsen, Hansen eller noko liknande. Øystrebø blir det i alle fall ikkje, svarar han kontant.