Danselærar - ny utlysing
Hyllestad og Fjaler kulturskule har ledig fast 100 % stilling som dansepedagog i Hyllestad og Fjaler frå 1.8.2023. Kulturskulen i Hyllestad og Fjaler har ca 280 elevplassar fordelt på musikk, dans, kunst og teater. Vi har base i Dale og Hyllestad, der vi begge stadar har nye og flotte undervisningsrom. Kulturskulen jobbar for å være eit ressurssenter i kommunen og ligg organisert under kultur og oppvekst. Vi har også eit tett samarbeid med Askvoll kulturskule, samt har ansvar for UKM og DKS. Regionen vår er i ei spennande tid og det skjer mykje god utvikling på kulturfronten med blant anna bygging av kulturhuset “Samvirke”. Der blir det kultursalar, lydstudio, samt prøvesal for profesjonelle dansekompani, teater og anna scenekunst. "Samvirke" blir dessutan basen for Teaterfestivalen i Fjaler. Med flyplassen like i nærleiken og daglege båtruter til Bergen er det kort veg mellom by og bygd. Arbeidsoppgåver
*Planlegge og gjennomføre danseundervisning og danseshow
*Samhandle med dei andre tilsette i kulturskulen og andre samarbeidspartar
*Kommunisere ryddig og tydeleg med elvar og føresette
*Utviklingsarbeid i kulturskulen
Kvalifikasjonar
*Relevant høgare utdanning
*Erfaring med undervisning
*Førarkort kl. B
*Du har lyst å være med å utvikle dansetilbodet
*Er personleg eigna for ei undervisningsstilling i kulturskulen
*Det er krav om godkjent politiattest for stillingar i kulturskulen før tiltreding
Vi tilbyr
*Ein kulturskule i god utvikling
*Eit godt kollegium og nettverk innan kunst og kultur
*Fleksibel arbeidsplan
*Tid til eigenøving i arbeidstida
*Arbeidsbil
*Løn etter kvalifikasjonar og tariff
*Tilsettingsvilkår, rettar og plikter i tråd med lov, føresegner og avtaleverk
*God pensjonsordning i KLP, 2 % vert trekt frå løn til denne ordninga
*Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass, undersøkje om ledig jobb til partnar
*Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen på Hyllestad
*Bustadtilskot til førstegangsetablerarar i Hyllestad kommune, etter eigne reglar
Referansenr: 239917069
Fylke: Vestland
Heiltid/Deltid: Heiltid Arbeidstid: Skift/turnus Søknadsfrist:31.05.2023 Tiltreding: 01.08.2023 Kontaktpersonar:
Mats W. Systaddal
mob: +47 97460697
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no VELKOMEN SOM SØKJAR! SØK HER: