Prix Balestrand selde lokalmat for over 700.000 kroner i fjor, ein auke på 24 prosent. – Spesielt i juli tok det av, seier butikksjef Dagmar Nese.
Salet av lokalmat tok av i 2020

Dagmar og co selde lokalmat for 700 000

- Det tok heilt av i sommar, seier butikksjef Dagmar Nese hos Prix Balestrand.


Butikkar og produsentar opplevde rekordstor omsetnad av lokalmat i 2020. Det viser også ferske tal frå Coop Nordvest, som berre i Sogn selde lokalmat for 10,5 millionar kroner. Det er ein auke på nær 20 prosent.

I Balestrand registrerte Dagmar Nese og co. fort at interessa for lokalmat blømde då koronapandemien slo til. Dei selde lokalmat for over 700.000 kroner i fjor, som er  ein auke på 24 prosent.

Betre plass til lokalmat
-  Vi bygde om butikken i februar, med veldig god plass til lokalmaten, både på kjøl/frys og tørrvarer. Det viste seg å kome godt med ut over sommaren, spesielt i juli hadde vi mange norske turistar innom, seier Nese og viser til at dei legg meir pengar igjen enn dei utanlandske.

Dei viste svært stor interesse for lokale produkt av mat og drikke, fortel ho.

-  Ikkje minst har det gått unna mykje Balholm, som held til i nabolaget. Før jul vart den alkoholfrie champagnen deira ein slager, men elles har det også gått unna med lokalt øl og elles nærreiste produkt, som til dømes lokalt pinnekjøt før jul. Så det er ingen tvil om at folk vil ha norsk mat og støtte lokale arbeidsplassar, akkurat slik styresmaktene har oppfordra om.

Selde for 175 millionar
Utviklinga i Sogn er illustrerande for det store biletet. I Coop Nordvest sitt område, frå Sogn i sør til Trøndelag i nord, vart det i fjor selt lokalmat for 175 millionar kroner, og med det størst i Coop. Det er over 18 millionar kroner meir enn året før, ein auke på nær 12 prosent. Sommarmånadane var gode, men det toppa seg i julehandelen, med ein omsetnad på nær 30 millionar kroner i desember.

-  Vi har over 150 større og mindre produsentar i heile distriktet vårt. Dei har gjort ein fantastisk jobb med å halde oppe leveransane. Det var svært mykje uvisse då pandemien slo til, men det viste seg snart at folk meir enn nokon gong før vart opptekne av nærreist kvalitetsmat og støtte til lokale produsentar. Det fortel litt at omsetnaden vår i fjor nådde målet for 2023, seier viseadm. dir. Geir Espe i Coop Nordvest.

Trur auken held fram
Dagmar Nese i Balestrand trur på eit nytt godt år for lokalmaten:

-  Folk har fått opp augo både for å reise lokalt og ete lokalt, så sjølv om uvissa enno rår, trur eg den gode utviklinga for lokale matprodusentar held fram, seier ho.

Det trur også Geir Espe i Coop NV:

-  Vi har hatt eit år der folk har ete meir heime. Det har vore fokus på tradisjonsmat og gode matopplevingar. Folk har vorte meir medvitne på kvalitet og identitet, historia om kvar maten kjem frå og korleis den er laga.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.