Butikken i Bjordal får 600 000 i investeringsstøtte


Bjordal Handel har fått 600 000 kroner i støtte gjennom det såkalla Merkur-programmet.

- Dette er midlar vi har søkt om til planar vi har for inngangspartiet til den nye butikken. Hadde det ikkje vore for støtta frå Merkur, så kunne vi nok heller ikkje gjennomført dei. Så dette er utruleg viktig, seier Geirfinn Førde om det som er 
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt program for utvikling av butikkar i distrikta. 



Han driv butikken på Høyanger sørside i lag med kona Dagny Bjordal. Det vart familien hennar som starta med den på byrjinga av 1900-talet, og ho er no fjerde generasjon som driv den.



Nye lokale


I tillegg til dagligvarer, sel dei også drivstoff til bil og båt. Og i fjor kunne dei flytte inn nye lokale, også dei på kaien i Bjordal.



- Det hadde vi nok heller ikkje fått til om det ikkje var for støtte frå Merkur. Ja, dei midlane vi då fekk gjer at vi framleis har butikk i Bjordal, seier Førde og peikar på at det siste er viktig, ikkje minst fordi ein ikkje treng å reise ut av bygda når ein skal handle daglegvarer. 



- Og så er butikken viktig som møteplass i bygda, seier han.