Brekke fekk kulturprisen


Den jordnære kunstnaren Anders Brekke frå Ortnevik, med sine kreative krumspring kombinert med solid handverk, er tildelt Høyanger kommune sin kulturpris for 2017.

Heilt sidan Anders Brekke som tenåring lagde seg arbeidsbenk av klederulla til mora, har han bygd det meste som byggast kan. I ekte Reodor Felgen-stil har han gjennom mange år trylla fram kreasjonar som både har vore nyttige, bygd for moro og noko som har vore midt i mellom.

Kor kjem denne interessa frå?

- Det er nokre som seier at eg har kunsteriske evner, noko eg ikkje er heilt sikker på. Eg trur heller at den viktigaste eigenskapen er å vere impulsiv, og gjerne får ein idé ein sein nattetime som ein set i gong med dette neste dag utan å ha tenkt over konsekvensane. Då stoppar ein kanskje opp etter kvart og tenkjer «kva har eg starta med no?», og det er då den aller viktigaste eigenskapen kjem inn med det å vere sta og eigen, og ikkje gje opp, fortel han.

Les meir i Ytre Sogn fredag