Brann i eldhus i Ortnevik - sløkt og under kontroll

09.38 fredag formiddag fekk politiet inn melding om ein brann i eit eldhus på ein gard i Ortnevik på sørsida i Høyanger kommune.


Tre personar som bur på adressa er gjort greie for. Fanebust seier at det var dei som varsla om brannen, skriv Sogn Avis.

– Det var tett på bustadhuset, og det var fare for både gardsbygning og bustadhuset, men det er utanfor fare, og brannvesenet har kontroll no, seier vaktkommandør Tore Fanebust til Sogn Avis.

Klokka 10.11 meldte Politiet at brannmannskap var på plass på staden, og hadde starte sløkkingsarbeid, og 11.43 meldte dei at brannen var under kontroll og at etterslukking var i gang.

Det er ikkje meldt om nokon personskadar.